Make Yourself Safer!

MYS er eit sett med filmar som skal forberede deg til førarprøven. Her finn du alle øvingane som du går gjennom på køyreskulen, slik at du kan øvelseskjøre meir effektivt heime. Last ned MYS - Make Yourself Safer på Google Play og App Store!


MYS - Make yourself safer MYS - Make yourself safer MYS - Make yourself safer

Aktuelt

Artikkel i Avisa Hordaland

Mandag 13.11.17

Avisa skreiv ein flott artikkel om oss der dei fortel om appen, prosessen og vegen vidare. - LappenAppen klar for bruk (abo)

Lansering av appen

Onsdag 01.11.17

1. November vart MYS endeleg godkjendt på App Store og i Google Play, og dei ligg no ute tilgjengelege for alle som vil øvelseskjøre.

Regionsmøte NAF

Tysdag 23.10.17

LappenAppen vart inviterte til NAF sitt regionsmøte for å presentere MYS. Vi takkar NAF for ei flott helg med gode diskusjonar og flott stemning!

MYS får støtte frå Samferdselsdepartementet

Tysdag 30.05.17

MYS har fått tildelt 500 000 kr av samferdselsdepartementet. Desse midla skal gå til å utvikle den framandspråklege versjonen. Dei som kjem til Noreg og må ta trafikkopplæringa på nytt sliter ofte med språket, og MYS vil gjere kommunikasjonen enklare. Les meir om saka på Avisa-Hordaland - 500.000 til Bonsaksen sin lappen-app.

Lansering av testversjon

Torsdag 09.03.17

MYS lanserar fyrste versjon av filmane på Vimeo. I samband med lanseringa skreiv Avisa-Hordaland ein flott artikkel om prosjektet - Denne appen kan gje deg lappen.

MYS får spalteplass i Magasinet

Fredag 02.12.16

Magasinet Voss sitt vinteroppslag kjem ut og MYS får seks flotte sider om korleis prosjektet har tatt form, og kva framtidsplanar som står for tur.

MYS får støtte av Kraftfondet

Onsdag 29.06.16

MYS får tildelt 120 000 kr frå Kraftfondet. Midlane vert gjevne til etablering og næringsutvikling i Voss kommune.

MYS får støtte av Innovasjon Norge

Onsdag 27.04.16

MYS får tildelt 300 000 kr i etablerartilskot. Midlane kjem godt med i startfasen av prosjektet og til utviklinga av filmane.